Kartdata ©2021Bruksvilkår

Me vill leie ut hytta vår på høgfjellet i snøen. Passer til 2-3 familier, og berre 15 -20 minutt til Hovden alpinsenter og badeland!

Ønskjer du kvalitetstid med familien? Snølek og bålpanne i snøen? Det får du i denne flotte tømmerhytta med boblebad ute, og badstue og steamdusj inne. Hytta ligg i Telemark fylke, mellom Vågslid og Hovden, og har høg standard på møbler og interiør. Difor leiger me kun ut til seriøse interessenter?

Her er perfekt å samle familien, for å skape opplevingar og høgfjellsminner i idylliske omgjevnader?

Ledig også weekender i vinter og førjulstida. Fint å ha ei helg i desember å bake julekaker med snø og kakao utenfor hytta.

Det er liggeplass til 13 vaksne fordelt på 4 soverom, 3 senger som er innebygd i loftstua, og ei ekstra madrass – pluss at me har to sprinkelsenger i tillegg. Me har eit ekstra rom som er privat utanom dei 13 sengeplassane. Dette rommet har dobbelseng, og kan ryddast ut og låsast opp mot eit tillegg på 2000 kr).

Straum og ved kjem i tillegg (det er stor variasjon i straumforbruk, alt etter kor mykje boblebadet ute er i bruk).

Dette er eit fredeleg område uten trafikk, og om vinteren er det langrennsløyper ved hytta, og mange akebakkar for store og små.

Prisar: 7500 kr for weekend (6500 for weekend før jul.)
9500 kr for ei veke (utanom jul og andre høgtider, haust/vinterferien)
Vinterferie 1 uke 16500Parkering til fire / fem bilar ved hytta

Ikkje nøl med å ta kontakt på melding om du har spørsmål, me skreddarsyr så godt me kan ?