Dyrsku’n er ein møtestad og kunnskapsarena med alt frå omsetnad av landbruks- og anleggsmaskiner i stor målestokk, kniv- og klokkehandel til lokalmat og ei husflidutstilling med utstillarar frå heile landet. Dyra det heile starta med, finn du sjølvsagt fortsatt her. Vi ynskjer deg hjarteleg velkomen til Dyrsku’n, som alltid startar 2. fredag i september!